HASTER - til 200 års kyrkjejubilem - send oss gode bilete!
HASTER - til 200 års kyrkjejubilem - send oss gode bilete!

I anledning 200-årsjubileet ønsker vi oss bilete frå livet i kyrkje og kyrkjelyd. Bilete frå seinare år (frå manns minne) er særlig interessant!

NO MANGLER VI SÆRLIG BILETE FRÅ LIVET I KYRKJELYDEN FRÅ DEI SISTE 40-50 ÅRA!
STIKKORD: GUDSTENESTER, SÆRLIGE ANLEDNINGER, STEVNE, TURER, STORSAMLINGAR, SØNDAGSSKULE OG TRUSOPPLÆRING
Vi tenker oss at bileta kan bli samla og utgjevne på ein DVD og i eit trykt hefte. REDAKSJONSARBEIDET STARTAR NO. Vi vil helst ha inn bilete SNARAST RÅD!
DAGEN FEIRES 2. SEPTEMBER 2018 er sett av til 200-års jubileumsmarkering for Eiken kyrkje! Vi ønsker å samle inn bilete - både nye og gamle – som gjenspeglar livet i kyrkja og kyrkjelyden i vid forstand – både frå gamal og nyare tid. Vi vil helst ha bileta innan 15. april!
Ta kontakt med Kyrkjekontoret – eller med ein av dei følgjande som vil arbeide særskild med historiske bilete: Tobias Handeland, Anne Grete Kvinlaug, Sigbjørn Vik, Bernt Rune Sandrib. Det enklaste er å motta bilete i digitalt format på mail. Men har du papirbilete, er det mulig for oss å scanne dei på kyrkjekontoret.
Vi føreset at innsendar av bileta går god for at dei fritt og utan vederlag kan publiserast, utan at soknerådet må hente inn godkjenning frå fotograf eller frå dei som er avbilda.
Send – gjerne med billedtekst - eller ta kontakt: Bernt@haegebostad.kirken.no
Hægebostad kirkekontor, Lygnaveien 985, 4595 Tingvatn Tlf. 38348708



Del denne artikkel på e-post
21. april 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Hægebostad Powered by Agrando