Eiken kyrkje 200 år
Eiken kyrkje 200 år

Eiken kyrkje feirer sitt 200-års jubileum den 2. september. Her er orientering og program. Og husk å sette av dagen!

Kyrkjejubileet 2. september - les om kyrkja sin historie her! 

Program – se nederst

 

2. september feirer Eiken kyrkje sitt 200 års jubileum.  

Det er kanskje rart å skulle feire ein bygning. Til det er det to ting å seie.

For det første: Eiken kyrkje er – vil mange seie seg einige i – Eiken sin flottaste bygning. Den utmerker seg, der den står plassert sentralt i bygda – kvitmalt og med spiret peikande mot himmelen – nett slik mange meiner at ei kyrkje skal sjå ut. Svært mange viktige hendingar i einskildmenneske sine liv har funne stad nettopp i denne bygningen, det gjeld menneske som lever i dag, og det gjeld menneske som levde for 100 – ja, til og med 200 år sidan. Svært mange menneske som bur i Eiken i dag, har eit sterkt forhold til denne gamle kyrkja, og svært mange som har slektshistoria si knytt til denne bygda, veit at kyrkja har vært ein faktor i livet for folk som gjekk føre. Det gjeld uansett kva slag samanheng vi høyrer til i i dag. Derfor er det truleg rett å seie at kyrkjejubileet er eit jubileum ikkje bare for dei som står innskrivne i kyrkjelyden, men for heile bygda

For det andre: «Kirken den er et gammelt hus», står om enn tårnene faller. Ja – for 200 år siden fall nok tårnet, kyrkja vart riven og ei ny bygd opp att. Men i dag som for 200 år sidan er kyrkja mykje meir enn bygningen. Kyrkja er livet som har si kjelde hos Han som er kyrkja sin Herre. Kyrkja er fellesskapet av Guds barn. Her har menneske blitt – og blir – nært av Guds ord. Her blir menneske døypte til trua på Jesus Kristus. Her blir dei lært opp til å følgje etter Han. Her har mange menneske kome til tru – og her har dei tatt avskjed med denne verda – i tru på Han som dei her lærte å kjenne. Evangeliet er det same som både for 200 og 2000 år sidan. Samtidig som fellesskapsformene har endra seg, og måten vi lærer opp barn og unge ikkje er just dei same som før.

Så da er det kan hende ikkje så rart å feire 200 år for eit kyrkjebygg. For vi feirer så mykje meir enn det vi ser.

Og vi ønsker at flest mulig skal ta del i jubileumsfeiringa. Programmet for dagen – 2. september 2018 - ser slik ut:

Kl. 11: Festgudsteneste i Eiken kyrkje.  Biskop Stein Reinertsen, Prost Geirulf Grødem, tidl. Kapellan Stein Ødegård, Sogneprest Bernt Rune Sandrib. Kor Eiken. Brit Skoland, orgel, og Oddbjørn Stakkeland, trompet.

Etter gudstenesta – ca kl. 13: Festmåltid «i floren» til Jon Tveiten – like over veien for kyrkja. Helsingar, bl.a . ved ordfører Margrethe Handeland. «Taffelmusikk» ved Felegruppa. Sal av jubileumspublikasjon.

Ca kl. 16: Gospelkonsert i kyrkja. Norwegian Gospel Singers og Jentene MariEmilieSiljeLineSofie.

 




Del denne artikkel på e-post
15. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Hægebostad Powered by Agrando