Julegave: Jubileumshefte og digitale bilder og video
Julegave: Jubileumshefte og digitale bilder og video

Bildehefte og bilder/videoer i digitalformat i anledning 200 årsjubileet for Eiken kyrkje! Fås kjøpt både i kirka/kirkekontor og hos Eiken sogelag.

Kyrkjelyden har i anledning 200-årsjubileet gjeve ut ut både eit hefte og ein usb-minnepenn spekka med gamle og nye bilete frå livet i kyrkja og kyrkjelyden.

Heftet har innleiande helsingar frå Biskop Stein Reintertsen, Ragnhild Hobbesland, soknerådsleiar Rita Jonasmo og sokneprest Bernt Rune Sandrib. Det er på 80 sider (inkludert omslag.) 

Dei to produkta utfyller kvarandre. Ei bok eller eit hefte er for dei fleste fortsatt det hendigste formatet å bla i og hygge seg med. På USB-minnepennen vil dei same bileta vere lagt inn som digitale bildefilar. Her vil det og vere plass til mange bonusbilete. Og truleg til glede for svært mange: Videoopptak som Sigbjørn Vik har stilt til disposisjon. Opptaka skriv seg frå Eikenreiæ og 17.maifeiring tidlig på 90-talet; søndagsskolens dag i kyrkja, samt - av heilt ny dato: påskevandringa ved Eiken kyrkje i 2018. Mange gamle og nye ansikt vil dukke opp her.

Heftet og minnepennen er kvar for seg prisa til kr. 200,- ; - eller 300,- for begge.

Kan bestilles på tlf. 38348708 eller e-post: janne@haegebostad.kirken.no

Ved postforsendelse kjem kr. 38,- i porto i tillegg.




Del denne artikkel på e-post
15. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Hægebostad Powered by Agrando