Direkte-TV fra Eiken kyrkje
Direkte-TV fra Eiken kyrkje

Direkte nett-TV frå Eiken kyrkje!

TV-forbindelsen som for noen år sidan blei etablert mellom kyrkja og Eiken bu- og omsorgssenter viste seg over tid å vere ustabil. Når det no blei tilgang på fiber ved kyrkja, beslutta soknerådet å installere fiber og kamera i kyrkja, slik at ein kan sende gudstenestene ut på nett-TV. Tanken er først og fremst at dei som ikkje sjølv kan kome seg til kyrkje, no kan sitte heime og delta på gudstenestene gjennom forbindelse på smart-TV, Ipad, PC, mobiltelefon e.l. På Eiken bu- og omsorgssenter fins utstyr for dette.

Den som vil koble seg til TV-overføringa frå gudstenestene, må opne sida Youtube.com på internett. Derifrå må ein søke opp Eiken kirke. Sendinga vil vanligvis starte 10-15 minutter før gudstenesta starter. Det vil og vere mulig å finne opptak frå tidlegare gudstenester her.

Noen delar av gudstenesta vil det ikkje bli send bilete frå, som f.eks. nattverdmåltidet eller deler av ei forbønsgudsteneste. Då vil det bli lagt ut ei bilete som seier at det er pause i overføringa. Ein vil likevel kunne høyre lyden.

 

Vi håper at det nye tilbodet kan bli til glede og velsigning!




Del denne artikkel på e-post
15. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Hægebostad Powered by Agrando