Giverteneste i Eiken kyrkjelyd
 


Giverteneste i Eiken kyrkjelyd
Giverteneste i Eiken kyrkjelyd

Ordning for Givertjeneste i Eiken kyrkjelyd ble presentert på årsmøtet 2019

Ei fast givarteneste er ei god, bibelsk ordning. Mange er opplærde til dette frå barnsbein av. Nokon har vend seg til å gje i vaksen alder. Og mange er truleg ikkje komne så langt at dei har fått ei god ordning på givartenesta si, enno. Og så er det vel slik at: medan lønsauke og levestandard for dei fleste har auka, har givartenesta blitt hengeande etter.

Vi veit at mange gjev til misjon og ulike gode formål, inkludert eigen kyrkjelyd. No utfordrar vi fleire til gjevarteneste til gode for kyrkjelyden vår. Det vil ha stor betyding! Skal kristen tru, nestekjærleik og engasjement for misjonen førast vidare til neste generasjon, og den einskilde av oss få hjelp til å veksa, utrustast og utfordrast som Jesu etterfølgarar, må vi bruke nokon av ressursane våre på eige arbeid.

I 2019 kan faktisk den einskilde skatteytar fordele inntil 50 000 kroner på frivillige organisasjonar, f.eks. kyrkjelyden, og få skattefritak for beløpet, så sant ein har gjeve opp personnummer (sjå nærare i brosjyra). Vi håper at du spreier midla dine på fleire mottakarar, og at kyrkjelyden kan vurderast som ein av dei.

Du oppfordrast til å lese brosjyra ved å klikka på denne linken, eller klikke på biletet under, og gjere opp med deg sjølv og Gud om dette er ei kall til deg. Skjema kan fyllast ut og sendast Kyrkjekontoret, leggast i kollektkurva i kyrkja eller overleverast ein av dei ansatte. Du finn det og i våpenhuset i kyrkja.

"Enhver skal gi det han har bestemt seg for i sitt hjerte, ikke med ulyst eller av tvang. For Gud elsker en glad giver. Og Gud makter å gi dere all sin gave i  rikt mål, så dere alltid og under alle forhold har nok av alt, ja, har overflod til all god gjerning.

Dere skal ha rikelig av alt, så dere gjerne vil gi!"  2. Kor. 9, 7-9.11

 

Givarteneste til kyrkjelyden er kanskje særskild noko for:

- Deg som har eit engasjement for din lokale kyrkjelyd

- Deg som kjenner at du ikkje har fått orden på givartenesta di, (du, heller!) 

- Deg som ikkje kjem deg så ofte til kyrkje og dermed saknar anledning til å få lagt pengar i kollektkurva

-Deg som har barn, barnebarn, konfirmant, nabobarn eller fadderbarn som du ønsker skal få ei god trusopplæringg.

- Deg som veit at du har god anledning til å gje meir enn du gjer i dag.




Del denne artikkel på e-post
13. november 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Hægebostad Powered by Agrando